Rein arbeids-glede

Velkommen til Bykle vaskeri!

Bykle vaskeri er eit nytt og spanande vaskerikonsept for bedrifts- og privatmarknaden i Øvre Setesdal, med profesjonelle vaskeritenester frå nyrenoverte lokale i Bykle Helsesenter (Heimen). No søkjer vi medarbeidarar som er motiverte for å vere med å utvikle verksemda!

Vi skal tilsette i totalt 5 stillingar. Stillingane er for personar som har, eller ventar på å få, innvilga uføretrygd. Arbeidet kan omfatte vaskeri-, transport- og merkantile oppgåver, men vert tilpassa den einskilde ut frå interesse, kompetanse og behov. Dersom du søkjer stilling som sjåfør må du ha førarkort klasse B.

Vi kan tilby:

  • Tilrettelegging av arbeidsoppgåver og arbeidstid

  • Moglegheit for transport til og frå jobb

  • God opplæring

  • Eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

  • Arbeidsavtale etter arbeidsmiljølova

  • Løn etter avtale

Om Bykle vaskeri

Bykle vaskeri er eigd av Bykle kommune og vert drive av Setpro Arbeid og inkludering AS. Verksemda er eit profesjonelt og moderne vaskeri som leverer tenester etter Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn sin bransjestandard.

Målet er at drifta av vaskeriet skal vere mest mogleg berekraftig. Difor nyttar vi dei mest miljøvenlege produkta i marknaden og utfører all transport med elektriske køyretøy.

Åshild Bryggeså er arbeidsleiar og driftsansvarleg.

Våre tenester

• Vask av institusjonstøy

• Utleige av sengeklede og handkle

• Utleige og vask av matter og moppar

• Vask av privat tøy

• Henting og levering

Kontakt oss

Ta kontakt om du ønskjer meir informasjon om tenestene frå Bykle vaskeri eller har spørsmål om dei ledige stillingane.

Åshild Bryggeså
Arbeidsleiar
Telefon: 952 83 609
E-post: aashild@bykle-vaskeri.no